Kunstbilde

Halfdan Egedius (1877-1899)
Illustrasjon for Snorre-utgaven av 1899.

Halfdan Egedius’ best kjente verker er sannsynligvis hans Snorre-illustrasjoner, der ganske mange av dem har slaget på Stiklestad, kong Olavs fall og hans gravleggelse som motiv.

Den første gravleggelsen er omtalt i avsnitt 210, 238 og den første helgenerklæring i 244 i Olav den helliges saga i Heimskringla, her gjengitt etter Steinar Schjötts nynorske gjengivelse, publisert 1874-79.

Vi bør være klar oveer at Snorres versjon ble nedtegnet på midten av 1200-tallet, omtrent to hundre år etter at slaget på Stiklestad skal ha funnet sted. Det kan se ut som om senere helgen-legender også er benyttet som kildestoff. Vi kan lese litt om dette i Catholic Encyclopedia.

210. Bonden som budde paa Stiklestad heitte Torgils Haalmeson og var far hans Grim den gode. Torgils baud seg til aa hjelpa kongen og vera med i slage. Kongen takka for tilbode; «men eg vil heller,» sagde kongen, «at du ikkje skal vera med i slage, bonde. Du kan heller gjera de for oss, at du bergar mennane vaare etter slage, dei som er saara, og jordar deim som fell i slage. Og ber de so til, bonde, at eg fell i dette slage, so hav du umsut med like mitt, so mykje som turvast kan, soframt dei ikkje negtar deg de.» Torgils lova kongen de som han bad um.

236. Torgils Haalmeson og Grim, son hans, gjekk til valen um kvelden, daa de hadde vorti myrkt. Dei tok upp like til kong Olav og bar burt til eit lite tomt skjol paa den andre sida av garden. Dei hadde ljos og vatn med seg og tok klædi av like og tvo de og sveipte de i lindukar og lagde de ned i skjole, og lagde ved yvi, so ingin kunde sjaa de, um de skulde koma folk inn i hytta, og so gjekk dei heim til garden. De hadde fylgt med baae herane mange tiggarar og fatigfolk, som bad um mat, og kvelden etter slage hadde mykje slikt folk haldi til der, og daa natti kom, leita dei etter hus i alle bygningane, baade store og smaa. De var ein blind mann der, som de er fortalt um; han var fatig, og guten hans var med han og leidde han. Dei gjekk ute paa garden og leita etter hus, og kom til de same tome huse, og døri var so laag at dei mest laut krjupa inn. Daa den blinde mannen kom inn i huse, trivla han seg fram paa golve og leita etter ein stad han kunde leggja seg ned. Han hadde hatt paa hovude, og hatten seig ned yvi andlite hans, daa han lutte seg ned. Han kjende med hendane at de var ein dam paa golve; daa tok han upp med den vaate handi og rette upp hatten, og fingrane kom upp ved augo. Men strakst fekk han slik klaae i augnekvarmane, at han strauk med dei vaate fingrane paa sjølve augo. Daa hopa han ut or huse, og sagde at de kunde ingin liggja der inne, daa de var vaatt alle stadir. Daa han kom ut or huse, kunde han strakst fyrst skilja hendane sine og alt de som var so nær han, at han kunde sjaa de for nattemyrkre. Han gjekk strakst heim til garden og inn i stogo, og sagde til alle folk der at han hadde fengi att syne sitt, og no var han gløggsynt; men de var mange menn der som visste at han lengi hadde vori blind; for han hadde vori der fyrr og gjengi umkring i bygdine. Han sagde at han saag fyrste gongen daa han kom ut or eit lite skrøpelegt hus, og de var vaatt alle stadir der inne, sagde han. «Eg tok ned i med hendane,» sagde han, «og gnika meg i augo med dei vaate hendane.» Han sagde kor huse stod og. Men dei mennane som var der og saag dette som hadde hendt, undra seg mykje paa dette og rødde seg imillom um kva som kunde vera inne i dette huse. Men Torgils bonde og Grim, son hans, tottest vita korleis de hekk ihop med denne hendingi, og var rædde at uvenine til kongen skulde koma og rannsaka huse. Sidan smette dei seg av og gjekk til huse og tok like og hadde de ut i hagen og gøymde de der, og so gjekk dei til garden att og sov um natti.

238. Torgils Haalmeson og Grim, son hans, hadde like til kong Olav i si varetekt, og var ovende hugsjuke og visste ikkje korleis dei skulde faa teki vare paa de soleis at ikkje uvenine til kongen skulde faa i like og skamfara de; for dei høyrde bøndane rødde um at de var ei avtale, um dei fann like til kongen, at dei skulde brenna de eller føra de ut paa sjøen og søkkja de ned. Torgils og Grim hadde set um natti at de brann liksom eit kjerteljos yvi der som like til kong Olav laag imillom dei fallne, og sameleis sidan, daa dei hadde gøymt like, saag dei jamleg um nætane ljos der som kongen kvilde. Dei var rædde for at uvenine til kongen skulde leita etter like der som de var, naar dei saag desse merki. Difor var de Torgils og Grim mykje um aa gjera aa føra like burt ein stad som de kunde liggja trygt. Dei gjorde ei kiste, og gjorde ho so fin som dei kunde, og lagde kongens lik ned i den, og sidan gjorde dei ei onnor lik-kiste og bar halm og stein i ho, so de vart manns tyngd i ho, og lét ho vel att. Daa heile bondeheren var burte fraa Stiklestad, laga Torgils og Grim seg heiman. Dei fekk ei ror-skute, og dei var i alt 7 eller 8 mann, som alle var frendane eller venine hans Torgils. Dei førde like til kongen løynleg um bord og sette kista ned under tiljune. Dei hadde med seg den kista og, som de var stein i, og sette ho i skipe, so alle kunde sjaa ho. Sidan fór dei utetter fjorden med god vind, og kom um kvelden i skymingi til Nidaros og lagde aat ved kongsbryggja. Daa sende Torgils menn upp i byen og lét segja til Sigurd bisp at dei kom der med like til kong Olav. Daa bispen høyrde tidend um dette, sende han strakst nokre av mennane sine ned til bryggjune, og der tok dei ei ror-skute og lagde paa sida av skipe hans Torgils og bad deim gjeva seg like til kongen. Daa tok Torgils og mennane hans den kista som stod uppe paa tiljune, og bar ned i skuta, og so rodde hine ut paa fjorden og søkkte ned kista der. Daa var de myrke natti. Torgils og fylgje hans rodde upp etter elvi, til dei kom fram um byen, og lagde til lands ein stad ovanfor byen, som heiter Saurlid. Der bar dei like upp og inn i ei tom hytte som stod der upp-for dei andre husi, og vakte der um natti yvi like. Torgils gjekk ned i byen og fekk tala ved dei mennane som hadde vori dei beste venine til kong Olav, og spurde deim um dei vilde taka mot like til kongen; men ingin torde gjera de. Sidan tok Torgils og dei andre og førde like upp etter aai, og grov de ned i ein sand-mel som er der, og jamna etter seg, so ingin kunde sjaa at dei nyleg hadde gravi der. Dei hadde gjort fraa seg alt dette, fyrr de daga, og so fór dei til skipe sitt og lagde strakst ut or elvi og fór sin veg, til dei kom heim til Stiklestad.

244. Grimkjel bisp fór til Einar Tambeskjelvar, som tok imot han med glede, og dei tala um mangt og mykje, og um dei store hendingane med, som hadde gjengi fyri seg der i lande, og dei var samtykte i alt de dei tala um. Sidan fór bispen inn til byen, og der tok heile aalmugen godt imot han. Han spurde grant etter dei teikni som dei fortalde um kong Olav, og han fekk gode tidendir. Sidan sende bispen ordsending inn paa Stiklestad til Torgils og Grim, son hans, og stemnde deim til seg ut til byen. Dei drygde ikkje ferdi av, og fór ut til byen til bispen. Daa fortalde dei han alle dei merkelege ting dei hadde fengi vita, og kor dei hadde ført kongens lik av. Daa sende bispen bod paa Einar Tambeskjelvar, og Einar kom til byen. Einar og bispen hadde ei samtale med kongen og Alfiva, og bad at kongen skulde gjeva lov til aa taka like til kong Olav upp or jordi. Kongen gav deim lov og bad bispen gjera med de som han vilde. De var mykje folk i byen den gongen. Bispen, Einar og andre menn gjekk dit som like til kongen var jorda, og lét grava etter de, men daa var kista mest komi upp or jordi. Mange raadde no til at bispen skulde lata kongen grava ned i jordi attved Klemens-kyrkja, og dei so gjorde. 12 maanar og 5 dagar etter kong Olav døydde, vart dei heilage leivningane hans upptekne, og daa var kista til kong Olav mest komi upp or jordi att, og kista var liksom ny, nett som ho var nyhyvla. Grimkjel bisp kom til, daa dei lét upp kista til kong Olav, og daa stod de ein yndeleg ange av ho. Daa nækte bispen andlite til kongen, og han var ikkje de minste annarleis i aasyne, og han var so raudleitt i kinni som han nyleg hadde sovna. Dei som hadde set kong Olav, daa han fall, kunde sjaa stor mun, kor mykje haare og neglane hadde vaksi sidan, mest likso mykje som dei hadde vaksi, um han hadde vori i live her i verdi heile tidi sidan han fall. Daa gjekk kong Svein, og alle dei hovdingane som der var, til og vilde sjaa lekamen til kong Olav. Daa sagde Alfiva: «De er merkeleg so seint folk rotnar i sand; de hadde ikkje vori so, um han hadde legi i mold.» No tok bispen ei soks og skar haare til kongen, og tok noko av munnskjegge, for han hadde havt stort munnskjegg, som dei bruka den tidi. Daa sagde bispen til kongen og Alfiva: «No er haare og munnskjegge til kongen so langt som daa han døydde, og de hev vaksi so mykje som De no ser her er avskori.» Daa svara Alfiva: «Eg vil tru at dette haare er ein heilagdom, soframt de ikkje brenn i elden; for me hev tidt set haare heilt og uskadt paa folk som hev legi lenger i jordi enn denne mannen.» Daa lét bispen henta eld i eit fyrfat og signa de og lagde røykjelse paa, og so lagde han haare til kong Olav i elden, og daa alt røykjelse hadde brunni, tok bispen haare upp or elden, og daa var haare ubrunni. Bispen lét kongen og dei andre hovdingane sjaa dette. Daa bad Alfiva han leggja haare i uvigd eld. Men Einar Tambeskjelvar svara og bad ho tegja, og gav ho mange harde ord for dette. No avgjorde bispen, og kongen samtykte, og heile manne-mugen dømde, at kong Olav var sanneleg ein heilag mann. Daa vart kongens lik bori inn i Klemens-kyrkja og gravsett yvi høg-altare. Kista vart sveipt med pell, og dei tjelda med gudvev yvi ho. De vart strakst mange slag jartegnir ved heilagdomen til kong Olav.

Ole Olsens (1850-1927) Sørgemarsj op. 41 fra 1883, med Islands symfoniorkester dirigert av Bjarte Engeset.





ANNONSE

Læs også

Læs også