Kunstbilde

Erik Werenskiold (1855-1938)
Penn og skrapeteknikk på papir, 13,5 x 22,2 cm, Nasjonalmuséet, Oslo.

Erik Werenskiold er kjent som både maler og illustratør, spesielt for Asbjørnsen og Moes folkeeventyr, og for  Snorres kongesoger. Motivet her er Slaget på Re, som fant sted i januar 1177, der kong Magnus Erlingsson (1156-1184) slo birkebeinerne godt og grundig.

Beretningen om dette slaget avslutter Snorres kongesoger, nærmere bestemt Soga um Magnus Erlingsson (42-44), her gjengitt i Steinar Schjötts (1844-1920) nynorske umsetjing frå norrønt mål (1900).

42. Kong Magnus fór aust til Viki um hausten med ein lut av heren, og Orm Kongsbror var med han. Erling jarl var etter i Bjørgvin og hadde mykje folk og skulde møta birkebeinane, um dei kom sjøvegen. Kong Magnus og Orm sette seg til i Tunsberg, og kongen heldt gjestebod der i joli. Daa spurde kong Magnus at birkebeinane var uppe paa Re, og daa fór han og Orm fraa byen med heren sin og kom til Re. De laag mykje snø, og de var furdeleg kaldt. Daa dei kom til garden[66], gjekk dei ut or tune ut paa vegen og fylkte utanfor ved skigarden og trakka seg ein gald. Dei hadde ikkje fullt 1500 mann. Birkebeinane var paa den andre garden, og nokre var spreidde her og kvar umkring i husi. Daa dei vart vare heren til kong Magnus, drog dei seg ihop og stelte seg i fylking, og daa dei saag mannskape til kong Magnus, totte dei, som sant var, at dei hadde meir folk, og tok radt paa med slage. Men daa dei gjekk frametter vegen, kunde de berre koma fram nokre faa i senn, og dei som sprang ut or vegen kom ut i so djup snø at dei knapt kunde sterta fram, og daa rauk fylkingi deira, og dei som gjekk fyrst fram paa vegen fall. Merke deira vart nedhoggi, og dei som var næmast drog seg attende, og sume gav seg til aa fly. Mennane til kong Magnus fylgde etter deim og drap den eine etter den andre, so mange dei naadde i. Birkebeinane kunde ikkje faa stelt upp fylkingi si, og soleis kom dei i berrhogge, og mange fall, og mange flydde. Daa gjekk de som de tidt kan henda, um de er aldri so modige og vaapndjerve menn, at naar dei lid eit stort tap og kjem paa ras, er dei fleste traae til aa snu. No tok storhopen av birkebeinane til aa fly, og mange fall; for mennane til kong Magnus drap alt som dei kunde drepa, og gav ikkje grid til nokon som dei naadde i, og dei som flydde spreiddest til alle kantar. Kong Øystein flydde og sprang inn i eit hus og bad um grid og um at bonden vilde gøyma han, men bonden drap han og fór sidan til kong Magnus og fann han paa Ravnnes. Kongen var inne i stogo og baka seg ved elden, og der var mange inne. Sidan kom de menn som hadde med seg like og bar de inn i stogo, og kongen bad folk ganga burt aat like og sjaa um dei kunde kjenna de. De sat ein mann paa pallen i kroken; de var ein birkebein, og ingin hadde lagt merke til han; men daa han saag like til hovdingen sin og bar kjensl paa de, stod han upp fort og hardt; han hadde øks i handi og sprang skjott inn paa golve og hogg til kong Magnus paa halsen ved herdane. De var ein som saag at han svinga øksi, og skuva han fraa, so øksi gleid ned mot herdane, men de vart eit stort saar likevel. Daa svinga han øksi andre gongen og hogg etter Orm Kongsbror, som laag paa pallen, og hogge stemnde mot baae leggine hans. Men daa Orm saag at mannen vilde drepa han, var han snar og slengde føtane yvi hovude paa seg, og øksi kom i pallstokken og vart sitjande fast; men de stod so tjukt med vaapn paa birkebeinen, at de var snaudt han kunde falla. Daa saag dei at han hadde dregi innvolen etter seg yvi golve, og denne mannen hev fengi mykje ros for de han var so modig. Mennane til kong Magnus jaga lengi deim som flydde, og drap so mange dei kunde. Der fall Torfinn fraa Snaasi og mange andre trøndir.

43. Denne flokken, som dei kalla birkebeinar, og som hadde samla seg til ein mannsterk hop, var eit hardt folk og vaapndjerve menn, men var heller villstyrne og fór rasande og vyrdlaust fram, fyrst dei totte dei hadde stor styrke. Dei hadde faa menn i flokken som var gode til aa leggja upp raad eller var vande til landsstyring og lov eller til aa føra ein her, og endaa nokre kunde meir enn hine, so vilde endaa heile flokken de skulde vera som dei sjølve syntest; dei totte dei var trygge, for di dei var so mannsterke og modige. Av deim som kom seg undan var mange saara og hadde mist baade vaapn og klæde, og alle var pengelause. Nokre fór aust til Markir, og dei fleste av deim som var ætta fraa Telemarki fór dit, og nokre fór alt aust til Sviavelde. Alle hadde dei seg undan, daa dei totte de var lite von um liv og fred av kong Magnus eller Erling jarl.

44. Sidan fór kong Magnus ut att til Tunsberg og vart namngjetin av denne sigeren, for di at fyrr sagde alle at Erling jarl var eit brjost og ei verju for baade seg og son sin, men daa kong Magnus hadde vunni paa ein flokk som var so stor og mannsterk, endaa han hadde mindre mannskap, totte alle folk de, at han no gjekk yvi alle, og at han kom til aa verta so mykje større herførar enn jarlen, som han var yngre enn han.

Dette fant sted under de norske borgerkrigene, som varte fra 1130 til 1240, rundt nitti år.

Men birkebeinerne fikk en ny leder i Sverre Sigurdsson (1151-1202), som var Norges konge fra 1184 til sin død. Urolighetene tok først slutt da hertug Skule omsider ble ryddet av veien den 24. mai 1240.

ANNONSE

Læs også

Læs også