Kunstbilde

Halfdan Egedius (1877-1899)
Penn på papir, 16,2 x 24,3 cm, Nasjonalmuséet, Oslo.

Motivet er henta frå Magnus den godes saga, 14de bolken, i Steinar Schjötts (1844-1920) nynorske umsetjing frå 1874-79.

14. Strakst etter var kong Magnus i gjestebod paa Haug i Verdalen. Naar kongen sat til bords, sat Kalv Arneson paa den eine sida av han, og Einar Tambeskjelvar paa den andre. Daa var de alt vorti til de, at kongen var stuss imot Kalv og vyrde Einar mest. Kongen sagde til Einar: «Me skal rida til Stiklestad i dag; eg vil sjaa merki etter de som hev hendt.» Einar svara: «Eg kan ikkje segja deg noko um de; men lat fosterfar din, Kalv, fara; han kan nok segja tidend um de som der hende.» Daa dei hadde teki burt borde, laga kongen seg til ferdi og sagde til Kalv: «Du skal fara med meg til Stiklestad.» Kalv sagde at han var ikkje skyldig til de. Daa stod kongen upp og sagde heller vondt: «Fara skal du, Kalv,» og dermed gjekk kongen ut. Kalv klædde seg fort og sagde til sveinen sin: «Du skal rida inn til Egg og beda drengine mine hava alt tye mitt um bord fyri solfall.» Kongen reid til Stiklestad, og Kalv var med han, og dei steig av hestane og gjekk dit som slage hadde vori. Daa sagde kongen til Kalv: «Kor er den staden kongen fall?» Kalv rette fram spjotskafte og svara: «Her laag han fallin,» sagde han. Daa sagde kongen: «Kor var du daa, Kalv?» «Her som eg stend no,» sagde Kalv. Daa vart kongen blodende raud og sagde: «Daa kunde nok øksi di naa han.» «Mi øks naadde han ikkje,» svara Kalv og gjekk burt til hesten sin og sprang upp og reid sin veg med alle mennane sine, men kongen reid attende til Haug. Kalv kom um kvelden inn til Egg, og daa laag skipe hans seglbutt ved bryggja, og all lausøyren var komin um bord, og de var manna med drengine hans. Dei heldt ut etter fjorden strakst um natti, og sidan fór Kalv natt og dag, naar han hadde vind. Han siglde vest yvi have og gav seg lengi til der og herja paa Skotland og Irland og Sudrøyane. Dette nemner Bjarne Gullbraaskald i Kalvs-flokken.

ANNONSE

Læs også

Læs også