Teksen er skrevt av Jakob Sande, tonesatt av Geirr Tveitt, og sangen fremføres av Ivar Medaas og Geirr Tveitt.
Jakob Sandes tekst:
Ein sognemann og ein forherda halling
kom eingong opp i handel om ein hest.
Fyrst gjekk det dram i dram med song og tralling,
for båe tenkte: eg skal tole mest.Men før dei vardest vart det skjell og skalling,
og tollekniven vart mot hælen kvest,
til brått dei sturta med ei kaldsleg ralling
før dei fekk bod på sakrament og prest.-Omsider kom då lensmannen og presten—
men sjølve opphavet til synda, hesten,
kom ingen av dei høge herrar på.Han sto der from i skuggen utfor stova
og veifta fly og fluger vekk med rova,
og leska seg med frisk og saftig hå.