Kunstbilde

Kitty Kielland (1843-1914)
Olje på lerret, 84 x 88 cm, Nasjonalmuseet, Oslo.

Man soll alle Tage wenigstens ein kleines Lied hören, ein gutes Gedicht lesen, ein treffliches Gemälde sehen und, wenn es möglich zu machen wäre, einige vernünftige Worte sprechen.

(Man skal alle dager i det minste høre en liten sang, lese et godt dikt, se et fortreffelig maleri, og når det er mulig å gjøre det, også si noen fornuftige ord).

Johann Wolfgang von Goethe (1749-1832)

Et passende dikt i denne sammenheng er innledningen til Arne Garborgs (1851-1924) Haugtussa fra 1895.

Til deg, du Hei og bleike Myr
med Bukkeblad,
der Hegre stig og Heilo flyr,
eg gjev mitt Kvad.

Til deg, du visne Lyng um Haug,
der Draumar sviv,
eg gjev min Song um Dimd og Draug
og dulde Liv.

Eg kjenner deg, du Trollheim graa,
du Skugge-Natt!
Eg rømde rædd; men stundom maa
eg sjaa deg att.

Eg kjenner deg, du Havsens Marm
med Galdre-Song;
du gauv meg Gru i rædde Barm
so mang ein Gong.

Eg kjenner Striden tung og sein
mot Trolldoms Vald.
Gud hjelpe oss for brotne Bein
og Mannefall!

Eg kjener deg — eg kjenner deg,
som ikkje vann! —
Eg saag din Strid, eg veit din Veg
i Skugge-Land.

Eg røynde sjølv den Striden stygg
i mange Aar,
med ville Mod, med bøygde Rygg,
med svære Saar.

Du um meg sviv, du hjaa meg sit,
du arme Aand!
I meg du enno riv og slit
i dine Baand.

Eg veit det vel: dei sterke Troll,
den Vilje rik;
ein Baat i Foss, eit Kvad i Moll,
sløkkt i eit Skrik. —

Men Lerka stig fraa gløymde Grav
med Sigers Ljod;
og Vinden stryker inn av Hav
so frisk og god.

Og um me kjenner Graat og Gru
og Saknad saar,
so maa me Lerkesongen tru,
som lovar Vaar.

Ein kleines Lied skal det også bli en råd med – Othmar Schoecks Sehnsucht, til tekst av Joseph von Eichendorff. Vi hører Wettinger Kammerchor und Seminarchor, dirigent er Karl Grenacher.




ANNONSE

Læs også

Læs også